Reisepolitikk for UiS

Tilsette ved UiS bør vurdere klima-avtrykket og vege det opp mot i kva grad reisa er naudsynt. Tilsette ved UiS bør vurdere togreiser og andre miljøvenlege, kollektive reisemåtar før dei bestiller flyreise.

Publisert Sist oppdatert
Mann sitter på flyplass og ser på et fly som letter.

I juni 2020 fekk UiS ein ny reisepolitikk.

Dette er UiS sin reisepolitikk:

  • Kritisk vurdering, atterhald og tydeleg prioritering må/bør prege planlegging og gjennomføring av reiser. Alle reiser skal ha ei grunngjeving som er avklart mellom leiar og medarbeidar
  • Alternative digitale møteformer må/bør vurderast før ein planlegg ei reise.
  • Søknad om reise i SAP-portalen skal alltid vere godkjent av nærmaste leiar før ein bestiller billettar.
  • Alle tilsette ved UiS skal gjerast merksam på tekniske løysningar som både reduserer behovet for å reisa og som gjer det mogleg å utføre arbeidsoppgåver undervegs.
  • Bruke kollektivtransport der det er formålstenleg. Togreiser og andre miljøvenlege, kollektive reisemåtar bør bli vurderte før ein bestiller flyreise.

UiS sin reisepolitikk skal unngå at internasjonal fagleg verksemd og unge forskarar i etableringsfasen blir skadelidande. Reiser som er viktige for universitetet sine strategiske interesser og internasjonalt samarbeid  skal ein skape rom for også i framtida.

Les også